Publisher

Solum Forlag

Solum Forlag A/S var eit ubunde norsk bokforlag, skipa i 1973 av Knut Endre Solum, og hadde lokale på Skøyen i Oslo. Frå 2013 har forlaget vore ein del av forlagsgruppa BVT, som òg femnar om forlaga Bokvennen forlag AS , Vidarforlaget AS, Transit AS og Pandora forlag AS, og har no adressa Universitetsgata 14, 0164 Oslo. Vidarforlaget AS er eit frittståande selskap, medan dei andre forlaga er dotterselskap under Transit AS. Eigar er Gunnar R. Totland. Gruppa hadde ei tid sams internettbokhandel med namnet KULTBOK. Solum/Bokvennen-forlaga har organisert bokutgjevingane etter sjangrar, slik at Solum Forlag skal gje ut omsett og norsk skjønnlitteratur, essaystikk, sakprosa, undervisningslitteraur og oppdragsutgjevingar. Vidarforlaget skal gje ut omsett og norsk filosofisk litteratur og sakprosa, det komplette romanverket av Jules Verne om dei ekstraordinære ferdene i norsk omsetjing, litteratur av og om Rudolf Steiner, og kulturtidsskriftet Personae. Transit skal gje ut norsk og omsett dramatikk, nyomsette barne- og ungdomsklassikarar i komplette utgåver, sakprosa og oppdragslitteratur, medan Pandora skal ta for seg massemarknadslitteratur og sjølvhjelpsbokserien Din egen advokat.
Read more or edit on Wikipedia

Collections

0

    Editions

    0

Welcome to Inventaire

the library of your friends and communities
learn more
you are offline