Christmas film

film genre associated with Christmas

Julefilm er ein film som på eitt eller anna vis er knytt til jul. Dette er ofte filmar som går føre seg rundt juletider, har julemotiv eller er knytt til jul på anna vis, som ved tradisjonsknytt framvising. Mange julefilmar er familievennlege og godhjerta, ofte moralske verk knytt opp til dygder knytt til jula, som nestekjærleik, håp og magi. I mange høve er julefeiringa til ein person, ein familie eller heile verda truga, og plottet går ut på å hanskast med vanskane. Mange av filmane kan visa meir eller mindre direkte til juleevangeliet, julenissen eller til idealiserte familiefeiringar til jul. Dei kan føregå vinterstid og kan ofte innehalda søte element, som ungar eller dyr i viktige roller. Ein annan type julefilminnhald kan gå ut på slå hol på klisjéar knytt til jul, og innehalda vald, konflikt, kriminalitet, alkoholmisbruk og liknande.
Read more or edit on Wikipedia

main subject: Christmas film

0
you are offline